|
Posten til kommunalsjefen blir henta og opna av arkivtenesta. Saksposten blir registrert i Acos Websak, medan anna post blir lagt i hylla til kommunalsjefen. Kommunalsjefen utfører sine oppgåver i Acos WebSak og fagsystema Visma, Framsikt.
Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.
Kommunalsjefen har ansvar for desse tenesteområda:
- Pleie og omsorg
- Bu og miljøtenesta
- Nav Årdal
- Helse
Dei 4 tenesteområda har kvar sin tenesteleiar som under seg har avdelingsleiarar knytt til dei ulike einingane. Det er i tillegg etablert eit tildelingskontor som skal sikre heilskapleg og godt koordinerte tenester, samt likebehandling for like behov. Det er tilsaman 280 tilsette i heile området, fordelt på 220 årsverk. Ansvaret for desse tenestene er og lagt til kommunalsjefen:
- Tildelingskontor
- Tilflyttarkontor
- Kommuneoverlege
- Psykolog
|